Sommarcamp

Sommarcampen har vore eit svært populær aktivitetstilbod og vi har fått veldig gode tilbakemeldingar frå barn og foreldre som har nytta tilbodet. Aktivitetane har utvikla seg år for år, men grunntanken er den same som den var frå første året i 2007. Barna skal få «Gode og aktive sommarminner – frå Løkja til Lidavarden».

Vi vil gje barna spesielle opplevingar ved fysisk utfolding i naturen og nærmiljøet på Haugen. I nærmiljøet finn vi skog, elv, fjell, fjord, gardar og leikeplassar. I tillegg har vi eit flott anlegg på Klenkarberget som fører til at aktivitetane er mange og varierte.

Dagane vil innehalde eit vrimmel av aktivitetar. F.eks. fjellturar, symjing, kajakkpadling, fisking, blåturar, fotball, orientering, dans, rebusløp, klatring, matlaging, gårdsbesøk, sykkelturar, friidrett, elvesafari og jungelleik. I tillegg vil det særleg på morgon og ettermiddag vere mogleg med rolegare aktivitetar som teikning og brettspel. Borna vil få servert eit næringsrikt lunsjmåltid midt på dagen og eit fruktmåltid på ettermiddagen.

Sommarcampen er for born som har gått i 1. til og med 7. klasse, i skuleåret før sommarcampen startar. Gruppene blir inndelt etter alder og aktivitetane blir tilpassa deretter.

Klenkarberget Sommarcamp og Stad kommune har eit samarbeid der kommunen støttar Sommarcampen med driftsstøtte og midlar til redusert foreldrebetaling. I tillegg skal Sommarcampen gje eit tilbod til barn med særskilte behov. Sommarcampen fungera soleis som eit sommar-SFO-tilbod.

Opningstid er måndag til fredag kl. 07.30-16.30.