Kontakt oss
Klenkarberget Sommarcamp er ein frivillig organisasjon og styret består av leiar Henning Haugen, Ingrid Navelsaker Sandvik, Geir Lasse Espe, Mali Sagsletten, Ole Aleksander Hopland og Ørjan Aralden Håland.
Henning Haugen
tlf: 91 86 79 77
post@sommarcamp.no
Org.nr: 928222004
Kontonummer: 3705.48.80554
Vi er grasrotmottakar.
Ledige stillingar
Mange av våre tilsette er med år etter år, men det er som regel nokre ledige stillingar før kvar Klenkarberget Sommarcamp. Søknadsfrist for 2025 er 31. januar 2025. Send ein søknad til post@sommarcamp.no. Der må det kome fram kva stilling som er aktuell for deg og kva veker du kan jobbe.
Moglege stillingar for dei over 18 år:
Aktivitetsleiar – Sommarcamp
Aktivtetsleiar – Camp Adventure
Aktivitetsleiar – Camp Expedition
Aktivitetsassistent – Sommarcamp
Aktivitetsassistent – Camp Adventure
Moglege stillingar for dei over 16 år:
Aktivitetsassistent – Sommarcamp
Aktivitetsassistent – Camp Adventure
Aktivitetsassistent i Rødstranda
Moglege stillingar for dei over 13 år (ferdig med 8. klasse når Sommarcampen startar):
Aktivitetshjelpar – Sommarcamp
Aktivitetshjelpar – Camp Adventure
Kjøkkenhjelp/Vaskehjelp
Sponsorar
Vi er takknemlege for bidraga til sponsorane våre.
Vi søker etter fleire sponsorar, for å utvikle tilbodet ytlegare. Vi kan tilby god marknadsføring på artiklane som blir brukt av deltakarar og tilsette. Vi kan tilby god marknadsføring i lokalavisene Fjordabladet og Fjordenes Tidende. Vi kan tilby god marknadsføring på facebook og på heimeside.
Ta kontakt på post@sommarcamp.no