Camp Adventure

Camp Adventure vart introdusert i 2014 og er eit tilbod til camp-deltakarane frå 4.- 7. klasse.

Camp Adventure vil ha fullspekka dagar i naturen og ha noko andre aktivitetar enn Sommarcampen. På Camp Adventure skal ein ha det morosamt, ein skal leike, ein skal bygge og ein skal lære. Det blir aktivitetar i og rundt elv, skog, vatn og fjell. Camp Adventure er eit spanande og lærerikt sommareventyr!

Basen for Camp Adventure vil vere i Hjelmelandsdalen og oppmøtestad vil vere ved varmestova. Opningstida for Camp Adventure er måndag til fredag frå kl. 07.30 – 16.00. Borna vil få servert eit lunsjmåltid midt på dagen og eit fruktmåltid på ettermiddagen. Alle deltakarar må ha med sykkel og sykkelhjelm.

I veke 26 vil temaet vere «Skog og fjell», mens det i veke 27 vil vere «Elv og vatn». Vi legg dermed opp til to veker med forskjellig innhald.