SpringFall
SpringFall vart starta opp i 2017 og er stadig i utvikling. Aktivitetar som vi har hatt opp gjennom åra er «Overnatting», «På rett spor», «Surfing på Stad», «Klatring på Sagefloten», «Lom – 2469» og «Svalbard». Vi tilbyr aktivitetar for barn og unge fødd frå 2008 til 2019. Ved påmelding sender du namn og fødselsdato til post@sommarcamp.no . I 2026 tilbyr vi SpringFall for 10. gong og kan tilby følgjande aktivitetar:
SpringFall- aktivitetar for dei fødd i 2013-2019. Pakkepris for alle aktivitetar på kr. 1 600 om ein melder seg på før 15. april.
Overnatting
Dato: 18. april kl. 18.00 – 19. april kl. 10.00
Plassar: 20
Pris: 200 kr.
Påmeldingsfrist: 15. april
Innhald: Sannsynlegvis overnatting inne. Kan bli ute om temperaturen er bra. Deltakarane får eit måltid på kvelden og eit måltid på morgonen.
Klatring
Dato: 01. mai kl. 15.00- 02. mai kl. 10.00
Plassar: 20
Pris: 600 kr.
Påmeldingsfrist: 15. april
Innhald: Klatring ute første dag. Overnatting ute eller inne. Deltakarane får eit måltid på kvelden og eit måltid på morgonen.
På rett spor
Dato: 23. mai kl. 12.00- 24. mai kl. 10.00
Plassar: 20
Pris: 400 kr.
Påmeldingsfrist: 9.mai
Innhald: Deltakarane møter opp utan å vete kvar turen skal gå. Ved hjelp av kart og kompass, kjem vi etter fleire etappar fram til der overnattinga skal vere. Deltakarane får eit måltid på kvelden og eit måltid på morgonen.
Overnatting 2
Dato: 21.august kl. 18.00 – 22. august kl. 10.00
Plassar: 20
Pris: 200 kr.
Påmeldingsfrist: 18. august
Innhald: Sannsynlegvis overnatting ute. Kan bli inne om vêret er dårleg. Deltakarane får eit måltid på kvelden og eit måltid på morgonen.
Surfing
Dato: 26. september kl. 18.00- 27. september kl. 16.00
Plassar: 20
Pris: 600 kr.
Påmeldingsfrist: 21. juni
Innhald: Transport første dag. Overnatting inne. Surfing på dag 2. Deltakarane får to måltid på dag 2.
SpringFall- aktivitetar for dei fødd i 2008-2014. Eldre ungdomar kan vurderast om det er ledige plassar. Ved stor interesse, blir dei fødd i 2010-2014 prioritert. Desse aktivitetane krev mykje planlegging, so her må vi ha tidleg kontakt med interesserte.
Gjegnen
Dato: 08. august kl. 18.00- 10. august kl. 12.00
Plassar: 20
Pris: 600 kr.
Påmeldingsfrist: 21. juni
Innhald: Dag 1: Kome seg opp til overnattingsplassen. Dag 2: Gå opp på Gjegnen og tilbake til overnattingsplassen. Dag 3: Retur heim. Deltakarane får to måltid på dag 2 og eitt måltid på dag 3.
Svalbard
Dato: 05. oktober – 07. oktober
Plassar: 10
Pris: ?
Påmeldingsfrist: Interesserte bør melde seg so snart som råd. Seinast 24. april.
Innhald: Transport, overnatting og aktivitetar på Svalbard. Alle interesserte tar kontakt. Ingenting vil bestillast før vi kjem med pristilbod som deltakarane må godkjenne.
Tusenfryd
Dato: 24. oktober – 25. oktober
Plassar: 10
Pris: ?
Påmeldingsfrist: Interesserte bør melde seg so snart som råd. Seinast 1. september.
Innhald: Transport til og frå Oslo. Overnatting. Ein dag på Tusenfryd. Alle interesserte tar kontakt. Ingenting vil bestillast før vi kjem med pristilbod som deltakarane må godkjenne.

















