Camp Expedition

Camp Expedition starta opp i 2021 og er eit tilbod til camp-deltakarane frå 6.- 7. klasse.

Camp Expedition vil enkelte dagar ha noko likt program som Camp Adventure, men vil vere tilpassa at det berre er dei eldste barna som er med. Som namnet tilseier skal det vere ekspedisjonsprega og torsdag vil ein reise på ekspedisjon med overnatting til fredag. Ein vil også få kjennskap til korleis ein kan overleve i naturen, bruk av kart og kompass, og livberging.

Basen for Camp Expedition vil vere i Hjelmelandsdalen og oppmøtestad vil vere ved varmestova. Opningstida for Camp Expedition er måndag til fredag frå kl. 07.30 – 16.00. Borna vil få servert eit lunsjmåltid midt på dagen og eit fruktmåltid på ettermiddagen. Unntaket er turen frå torsdag til fredag, der barna også vil få servert to ekstra måltider på torsdagen og eitt ekstra måltid på fredagen. Alle deltakarar må ha med sykkel og sykkelhjelm.

I veke 26 vil temaet vere «Skog og fjell», mens det i veke 27 vil vere «Elv og vatn». Vi legg dermed opp til to veker med forskjellig innhald.